Historie

Gammal Nistad bil i Sogn og Fjordane

M.Nistad AS er ei solid og eit seriøst familieeigd aksjeselskap med sterk lokal forankring. Magnus Nistad starta opp firmaet i 1967. Magnus fekk avtale med Bygstad Meieri om å køyre melkerute i Gaular kommune. Han utvida gradvis, året etter begynte han å køyre fløyte frå Bergensmeieriet i Sunnfjord til Bergen. Same året fekk han og kontrakt med Hansa for transport av øl og brus mellom Bergen og Vadheim.

Hansa bil i Bergen

Magnus var den første i si tid som starta opp med transport med bil på Bergen. Førd den tid gjekk all transport med båt.

Det var ei vanskeleg tid å drive transport på, pga. dårlege vegar og politikarane ville ikkje gje slepp på transporten med båt. Dermed vart ikkje vegane i Sogn og Fjordane prioritert.

I 1977 vart det lovleg å køyre med 18 m – trailer og dermed auka trafikken betrakteleg.

Både Hansa og Tine Meieriet som Magnus starta opp med er framleis store kundar av oss.

Nistad Transport bil med fjell i bakgrunn

Beliggenhet

M.Nistad AS høyrer til på Sande i Sogn og Fjordane. Sande ligg midt i fylket, og frå Sande kan ein velge fire køyre –retningar.

  • 20 min. til Førde, og 1 time og 20 min. til Florø
  • 30. min. til Dale
  • 2,5 time til Bergen
  • 7 timar til Oslo


Vis større kart

Terminalbygg

På Sande i Sunnfjord har bedrifta eige serviceanlegg som består av 770m2 lager – frys/kjøl/tørr, med to lastedokker, kontor, kjøkken og garderobar for dei tilsette.

Terminalbygget på Sande

I tillegg er det verkstadhall, smørehall, vaskeanlegg og eige drivstoffanlegg.

Aktivitet

Ny og gammel bil parkertFirmaet har i dag 45 tilsette, og omsetninga i 2010 er ca. 56 millionar.

M.Nistad AS disponerar 30 bilar.

Ca. 25 % av bilane blir brukt på daglege distribusjonsruter rundt om i Sogn og Fjordane.

75 % av bilparken blir brukt til transport på lengre strekningar. Vi køyrer mest på Vestlandet/Sørlandet og Østlandet. Men vi er og å finne ned gjennom Europa eller nord over i landet.

Bedrifta er ein attraktiv arbeidsplass og har ein stabil arbeidsstokk med dyktige sjåførar som er vel kjent og verdsett ute hos kundane. Bedrifta satsar sterkt på opplæring og motivasjon av sjåførane.

Bedrifta har eige opplæringsprogram innanfor HMS, kvalitet, termokøyring, økonomisk køyring og skadeforebyggande arbeid. I 2005 fekk firmaet Trafikk-tryggleiksprisen for Sogn og Fjordane.

Nistad Transport semitrailer

Omdømme

M.Nistad AS driv ei seriøs transportforretning innafor lova sine rammer, og har meget godt omdømme blandt kundar og myndigheiter. Bedrifta jobbar i samarbeid med myndigheitene, kundar og levrandørar, målretta med sikkerheit , kvalitet , helse og miljø og har eit etablert kvalitetssystem. Internkontroll-systemet dekkar alle krav av IK mat og BCR – standarden.

Kundeprosedyrar som beskriv avtaler og rutinar for utføring av oppdrag for kundane inngår som ein del av Sjåførhandbok.

Firmaet har hatt dei same kundane sidan oppstart i 1967, i tillegg til at det etterkvart har komme fleire.

Nistad Transport bil med fjell i bakgrunn

Tlf: 99 29 10 00 / Faks: 94 76 40 44 / Mobil: 97 05 65 50 / e-post: post@nistadtransport.no